Vis omsyn til dei som dirigerer trafikken i samband med skifting av stikkrenne på E39 Årbergsdalen. Foto: Eli Ramstad/Statens vegvesen
Publisert: 11.11.2025 

Vegstenging E39 Årbergsdalen i Vadheim i Sogn

Det blir redusert framkomme på E39 Årbergsdalen frå tysdag 11. november til torsdag 13. november. Årsaka er at det må skiftast ei stikkrenne.

Statens vegvesen ber trafikantane vere førebudde på redusert framkomme som følgje av arbeidet.

  • Tysdag 11. november: Manuell dirigering
  • Onsdag 12. november, klokka 17.00–23.00: Manuell dirigering med korte stoppar.
  • Onsdag 12. november, klokka 23.00–torsdag 13. november klokka 06.00 (natt til torsdag) vert det stengingar på 1 time, med gjennomkøyring kvar halve time.
  • Torsdag 13. november frå klokka 0800: Manuell dirigering.

Koordinerer trafikken med stengingar i E39 Bogstunnelen

Det blir gjennomført tunneloppgradering i Bogstunnelen på E39, og der er det også nattestenging denne veka som følgje av oppgraderingsarbeidet.

Dei to arbeida blir koordinerte så langt det er mogleg, slik at trafikken ikkje blir hindra meir enn nødvendig.

– Vi kjem til å sleppe gjennom trafikken slik at dei rekk kolonne i Bogstunnelen, seier byggjeleiar Heidi Strandos, – og  vi slepp igjennom trafikken som kjem nordover frå kolonnane derfrå.

Torsdag vert det manuell dirigering grunna asfaltering, med oppstart klokka 08.00.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur