Foto: Njål Svingheim / Jernbanedirektoratet
Publisert: 25.11.2019 

60 millionar kroner i godsstøtte gir meir gods på bane

Fire godstogoperatørar får til saman 60 millionar kroner i statleg støtte for å få meir gods frå veg over på jernbane. – Støtteordninga styrkar togselskap som driv med transportar som er i direkte konkurranse med tungtransport på veg, seier Erik Røhne, administrerande direktør i CargoNet AS, eitt av selskapa som mottek støtte.

– Støtta gir oss eit pusterom i en krevjande situasjon, og moglegheit til å auka tilbodet på dei strekningane vi opererer, fortset Røhne, og legg til at støtteordninga har vore sterkt etterspurt av næringa.

–  Vi merker at støtteordninga har bidratt til eit gledeleg stemningsskifte blant godstogoperatørane. Dette er viktig med tanke på å realisera dei store miljøgevinstane som ligg i å få meir av godstransporten over på jernbane, påpeikar Hanne Bertnes Norli, direktør for Marknad og samfunn i Jernbanedirektoratet.

Direktoratet var med i arbeidsgruppa som har utforma støtteordninga for gods på jernbane, og har ansvar for å fordela støtta etter å ha motteke søknader frå godstogoperatørane. I tillegg til CargoNet AS, har Green Cargo AB, Hector Rail AB og Tågåkeriet i Bergslagen AB fått støtte. Til samen søkte dei om 83,5 millionar kroner, medan maksgrensa altså var noko lågare – 60 millionar kroner. Fordelinga mellom dei fire er basert på marknadsdelar.

Støtteordninga - bru over til ei ambisiøs godspakke

Støtteordninga for godstransport på jernbane vart formelt innført i revidert nasjonalbudsjett for 2019 som ei mellombels ordning i inntil tre år. I august vart støtteordninga godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. I statsbudsjettet for 2020 har regjeringa foreslått ei ramme på 87,9 millionar kroner i samla støtte til godstogoperatørane.

Grunngjevinga for ordninga er særleg dei miljømessige fortrinna jernbana har som transportform. Støtta skal verka som ein kompensasjon for særlege kostnader godsoperatørane har, og er eit tiltak for å halde oppa nåverande volum og få meir gods på bane ved å styrka selskapa som driv med kombinerte transportar og vognlast. Målet er å styrkt jernbana si konkurranseevne fram til tiltaka i godspakka i Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029 får effekt.

– I NTP 2018-2029 er det lagt til grunn ein godspakke på ca. 18 milliardar kroner for heile planperioden, av dei ca. 5,7 milliardar kroner i første seksårsperiode. I tillegg er det igangsett strakstiltak for gods på bane som inkluderer forlenging av kryssingsspor og mindre terminaltiltak. Godstiltaka beskrive i NTP 2018–2029 er berekna å gje reduserte utslepp frå veg på 123 000 tonn CO2-ekvivalentar per år, og til god sikkerheit og mindre trengsel på vegane, seier Hanne Bertnes Norli i Jernbanedirektoratet.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur