Det er riksveg 13 frå Hegerland/Lono til Røldalsvannet som no skal få ny asfalt.
– Me startar asfalteringa onsdag 24. september klokka 18.00 og held på fram til klokka 06.00 morgonen etter. Dette gjentek me på torsdag klokka 18.00 og fram til fredag morgon klokka 06, og måndag 29. september klokka 18.00 til klokka 06.00 tysdag morgon, fortel Bjørn I. Andersen, byggjeleiar for asfaltering i Statens vegvesen.
Har arbeidd på strekninga i lengre tid
Statens vegvesen har i lengre tid arbeidd i området. Vegen har vorte utvida på delar av strekninga, det er sett opp ny mur på cirka 300 meter og det er gjort justeringar på vegbanen.
– Medan dette arbeidet har gått føre seg har trafikantane kunne passera. Det går dessverre ikkje når me skal asfaltera vegen. Då blir det for trongt, forklarar Andersen.
Asfalteringa er lagt til kveld og natt når det er minst trafikk.
Open for gjennomkøyring kvar tredje time
– Medan entreprenøren vår asfalterer vil riksveg 13 bli delvis stengde. Strekninga blir opna for gjennomkøyring kvar tredje time gjennom kvelden og natta. Dette er nødvendig fordi vegen er for smal til å ha trafikk gåande samtidig som me legg asfalt, forklarer Andersen.
Det vil stå trafikkdirigentar i begge endar av arbeidsområdet, og farten blir også sett ned til 50 km/t.
– Me oppmodar alle trafikantar til å vera merksame og følgja skiltinga. Vis omsyn til andre trafikantar og dei som jobbar langs vegane, oppmodar byggjeleiaren.