Initiativtakarar til beredskapslageret for fanggjerde mot skred er Jørn Kristian Engebø (til høgre) og Jens Tveit. Foto: Even Hjelle/Statens vegvesen
Publisert: 02.03.2026 

Betre skredsikring er totalberedskap i praksis

– Med nasjonalt beredskapslager for fanggjerde mot skred på plass, ynsker Statens vegvesen å bidra endå betre til totalberedskap i praksis.

Det seier seksjonssjef Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Han var den som tok initiativ til lageret som no er på plass på Bryggja i Nordfjord, på rv. 15 midtvegs mellom Nordfjordeid og Måløy.

Lageret skal setja ikkje berre Vegvesenet, men også andre vegeigarar, i stand til å bli enda betre på å handtera skred.

Ministeren: – Tek ansvar i totalforsvaret

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er nøgd med det nye tilbodet.

– Nasjonalt beredskapslager for fanggjerde er eit tydeleg eksempel på nasjonal beredskap i praksis. Vi har tidlegare sett nytta i at Vegvesenet har tilsvarande brulager til krisesituasjonar. Dette tiltaket viser at transportsektoren tek ansvar i totalberedskapsåret 2026, seier han.

Beredskapslager: Frå ide til praksis

Totalforsvarsåret 2026 har som mål å auka bevisstheita og beredskapen i hele samfunnet.

– Vi ynsker å vera budd til å gjera jobben vår så godt og raskt som mogleg på kort varsel til ei kvar tid, seier Engebø.

Initiativet kom i samband med eit steinsprang mellom Flåm og Aurland på E16 i september 2024. Her gjekk det tre veker frå steinspranget fann stad, til fanggjerde var sett opp.

Denne svært raske sakshandsamingstida skuldast at gjerdet tilfeldigvis var klart til eit anna prosjekt ikkje langt vekke, og så vart det flytta til Aurland og brukt der.

Det var under dette arbeidet Engebø, saman med geolog Jens Tveit, kom med ideen om eit beredskapslager for fanggjerde, til hjelp i akutte tilfelle for å stoppa steinsprang i utsette område.

– Med å ha gjerde i beredskap til ei kvar tid, kan vi bidra til raskt og effektivt å etablera sikring for å sikra folk, oppetid og framkomst i akutte situasjonar. Gjerda våre kan også vera beredskap for andre eigarar av infrastruktur. Dette viser kor effektivt det kan vera. Dette er totalberedskap i praksis, seier geolog Jens Tveit i Statens vegvesen.

To gjerde på 60 meter

Der er no to 60 meter lange gjerde på plass på lageret. Det eine er 5 meter høgt, det andre 6 meter. Det eine har ein kapasitet på 3000 kJ, og det andre på 5000 kJ.

Dette dekker dei fleste skredløp, og vil avhjelpa både framkomsten og tryggleiken i skredutsette område når det er behov på kort varsel.

Same prinsipp som beredskap for bruer

Gjerda er lagra i konteinar og kan enkelt transporterast til hele landet der det er bruk for dei.

Dette er same prinsipp som Statens vegvesen har med sitt nasjonale beredskapslager for bruer.

– I tillegg til å få dette beredskapslageret på plass, har vi ein avtale for kjøp av fanggjerde. Avtalen med sveitsiske Geobrugg er alt teken i bruk, seier Engebø og Tveit.

Betre beredskap på både kort og langt sikt

Lageret og rammeavtalen gir betre beredskap, både i akutte situasjonar og over tid.

Å få eit nytt fanggjerde levert kan ha leveringstid på opp til fleire månader.

– Med fanggjerde på lager kan vi no raskt få opp eit fullgodt gjerde i en kritisk situasjon. Og er det nødvendig, kan vi i tillegg bestilla eit nytt gjerde via rammeavtalen.  Dette er totalberedskap i praksis, i totalforsvarsåret 2026, avsluttar Engebø og Tveit.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur