Brukonferansen har etter kvart etablert seg som Noregs viktigaste møteplass for fagmiljø innan brufaget. I år gjekk den populære konferansen av stabelen i Tromsø, og med sine 220 deltakarar var den heilt fullteikna.
Fagleg breidde og internasjonalt utsyn
Konferansen vart opna av Rune Pedersen, senioringeniør i Statens vegvesen, som ønskte velkomen til to dagar med fagleg påfyll og inspirasjon.
– Eg er svært nøgd med at så mange deltakarar kjem tilbake til Brukonferansen. Hjarteleg velkomne også til alle nye deltakarar frå inn- og utland. Takk til alle bidragsytarane som raust deler av erfaringane sine – de er med på å skape ein nyttig fagleg møteplass, sa Pedersen.
Internasjonale foredragshaldarar presenterte store prosjekt som Rader Hochbrücke (Tyskland), Storstrømsbroen (Danmark) og Kruunuvuori Bridge (Finland), med fokus på BIM, teknologi og prosjektgjennomføring.
BuildingPoint Scandinavia presenterte bruk av Rhino 3D og Grasshopper for parametrisk modellering og samspel med BIM-verktøy som Tekla Structures. Desse programma er aktuelle for alle bruingeniørar.
Norske prosjekt i fokus
Blant dei norske prosjekta som vart presentert var:
- Sotrabrua (rv. 555) – OPS-prosjekt for hengebruer, presentert av representantar frå Sotra Link JV.
- E6 Hommelvikbrua sørgående – presentert av Contur for Nye Veier AS.
- Hangarbrua i Trondheim – Noregs største bru i aluminium.
- Ytre Steinsund bru, Vestland fylkeskommune.
- Bybrua i Drammen – med fokus på rehabilitering og design.
Håvard Johansen kåra til Årets brubygger 2025
Årets brubygger er ein pris som Statens vegvesen deler ut årleg for å heidre ein enkeltperson som har gitt eit solid bidrag til utviklinga av brufaget. I 2024 fekk Helge Brå frå Norconsult tittelen. I år fekk Håvard Johansen frå Statens vegvesen den gjeve prisen.
Juryen grunnga valet sitt med at Johansen gjennom ei årrekkje har utmerkt seg som ein sentral fagperson innan brubygging i Noreg, og oppfyller fleire av kriteria for prisen Årets brubygger. Arbeidet hans har hatt stor tyding for utviklinga av bruteknisk regelverk, berekningsmetodikk, digitalisering og formidling av brufaget. Han har vore ein drivkraft i digitaliseringa av regelverket, og har gjennom si rolle i handbok N400 bidrege til praktisk tolking og bruk av regelverket for konsulentar, entreprenørar og byggherrar. I tillegg til den faglege tyngda si er Johansen kjend for si audmjukheit, evna til å sjå heilskapen og finne gode løysingar i komplekse saker. Han fremjar tverrfagleg samarbeid og bidreg til eit positivt fagmiljø.
Juryen bestod av
- Klara Då, Bane NOR
- Kjetil Rørvik, Sweco Norge AS
- Bettina Gerti Groß, Nordisk Fjellsikring AS
- Bjørn Tangvald, Statens vegvesen
Synfaring av Ramfjordbrua
Dag ein vart avslutta med synfaring av den nye Ramfjordbrua – ei 870 meter lang samvirkebru med fem hovedspenn, bygd av Metrostav Norge AS på oppdrag frå Statens vegvesen. Deltakarane fekk gå inn i den eine brukassa og sjå Ramfjordbrua frå innsida.
Ramfjordbrua er ein del av prosjektet E8 Sørbotn–Laukslett og representerer eit viktig steg i utviklinga av infrastrukturen rundt Tromsø. Brua er ei samvirkebru med overbygning i stål og armert betong, og strekkjer seg over heile 870 meter. Den har fem hovudspenn på 135 meter, i tillegg til sidespenn, og er fundamentert med fem pålefundament frå lektere, med pålar opp til 80 meter djupe. Overbygninga er delt inn i sju seksjonar, der det tyngste løftet var på heile 900 tonn. Brua vart ferdig montert i september 2025. Den nye vegen skal etter planen opne sommaren 2027.
Regelverk og framtidstenking
Dag to fokuserte på styrkeberekning, kontroll og godkjenning, med innlegg frå Vegdirektoratet og samarbeidspartnarar. Det vart også presentert nyheiter frå handbøker og FoU-arbeid, med diskusjonar om framtidas brudesign og materialval. Avslutningssesjonen tok for seg samspel mellom arkitektur og ingeniørkunst, der prosjekt som Innflygingsbrua ved Bodø lufthamn , Rv. 3 Tunna bru i rusttregt stål og Hangarbrua i resirkulert aluminium vart framheva som døme på framtidsretta design og materialbruk.
Arkitektur spelar ei viktig rolle i prosjekteringsfasen av bruprosjekt ved å sikre at konstruksjonen ikkje berre er funksjonell og trygg, men også estetisk tiltalande og godt tilpassa omgjevnadene. Arkitektonisk utforming bidreg til å styrke identiteten til området, fremje god landskapstilpassing og skape varige strukturar som både fagmiljø og samfunn kan vere stolte av. Samspel mellom ingeniørkunst og arkitektur er avgjerande for å oppnå heilskaplege og framtidsretta løysingar – og ikkje minst bidrar god arkitektur til at nokon bruer blir ikoniske landemerke.
SE BLADARKIV
