4,4 kilometer med E39 mellom Barhals og Staurset er ope for trafikk. Heile den 10,5 kilometer lange parsellen frå Stormyra til Staurset skal vere ferdig hausten 2026. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 24.11.2025 

Her får trafikantane 4,4 kilometer ny E39 i tidleg julegåve

No rullar trafikken på ny E39 mellom Barhals og Staurset. Strekninga er ein del av den 10,5 kilometer lange parsellen mellom Stormyra og Staurset, som skal stå ferdig hausten 2026.

Den flunkande nye europavegen er ni meter brei og har for første gong gulstripe – ei stor forbetring frå den gamle, smale og svingete vegen på berre seks meter utan gulstripe. Oppgraderinga gir betre kurvatur og høgare trafikksikkerheit for både lokaltrafikk og gjennomgangstrafikk.

Strekninga mellom Barhals og Staurset er del av ein av dei tre delstrekningane i prosjektet E39 Betna–Stormyra.  Til saman skal prosjektet gje 28 kilometer ny europaveg med gul midtstripe på E39 sør for Trondheim, mellom Orkanger og fylkesgrensa mellom Trøndelag og Møre og Romsdal. Den nye vegen vil redusere avstanden mellom Betna og Stormyra med fem kilometer og reisetida med sju minutt. Strekninga er delt i tre parsellar, Leirvika–Renndalen, som opna i i august 2022, Betna–Hestnes som opna juni i 2025, og Stormyra–Staurset, som skal stå ferdig hausten 2026.

Ny veg i dagens trasé

Prosjektleiar Hlynur Gudmundsson i Statens vegvesen fortel at hovudutfordringa mellom Barhals og Staurset har vore å halde trafikken i gang medan vegen vart bygd. På den 4,4 kilometer lange strekninga mellom Barhals og Staurset er ny E39 lagt i eksisterande veg, noko som har ført til mange omleggingar for trafikantane. Gudmundsson er godt nøgd med å kunne opne vegen, men minner om at dei ikkje er heilt i mål enno:

– Sjølv om vegen mellom Barhals og Staurset no er teke i bruk, står det framleis att ein god del arbeid før heile parsellen til Stormyra er ferdig neste haust. Vi ber alle trafikantar om å halde fram med å vise omsyn og følgje skilting. Den nye vegen gir betre tryggleik, men vi må alle bidra til at det blir trygt i den siste fasen fram mot opning av heile parsellen.

Dette gjenstår:

På strekninga frå Stormyra til Barhals vert ny E39 bygd i ny trase. Fram mot neste haust vil det gå føre seg arbeid på heile den 10,5 kilometer lange strekninga mellom Stormyra og Staurset, mellom anna med fjellsikring, asfaltering, arbeid i sideterreng og på lokalvegar.

Takk til trafikantane og entreprenørane

Statens vegvesen og Bertelsen & Garpestad AS ønskjer å takke trafikantane for tolmodet undervegs.

– Vi vil òg gje honnør til arbeidsfolka i Bertelsen & Garpestad AS og underentreprenørane deira for solid innsats og høg kvalitet gjennom heile prosjektet.

Nøkkeltal frå utbygginga av E39 mellom Barhals og Staurset:

  • 4,4 kilometer veg E39 i eksisterande trase.
  • Ni meter vegbreidde.
  • 1 400 fjellboltar.
  • 200 000 kubikkmeter fjell sprengt.
  • 77 000 kubikkmeter masse til fyllingar.
  • 40 000 kvadratmeter asfalt på ny E39 (cirka 7 850 tonn).
  • 600 kubikkmeter betong.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur