Select Language
  • Afrikaans
  • Albanian
  • Arabic
  • Armenian
  • Azerbaijani
  • Basque
  • Belarusian
  • Bengali
  • Bulgarian
  • Catalan
  • Cebuano
  • Chichewa
  • Chinese (Simplified)
  • Chinese (Traditional)
  • Corsican
  • Croatian
  • Czech
  • Danish
  • Dutch
  • English
  • Esperanto
  • Estonian
  • Tamil
  • Finnish
  • French
  • Galician
  • Georgian
  • German
  • Greek
  • Gujarati
  • Haitian Creole
  • Hausa
  • Hawaii
  • Hebrew
  • Hindi
  • Hmong
  • Hungarian
  • Icelandic
  • Indonesian
  • Irish
  • Italian
  • Japanese
  • Javanese
  • Kannada
  • Kazakh
  • Khmer
  • Korean
  • Kurdish (Kurmanji)
  • Kyrgyz
  • Lao
  • Latin
  • Latvian
  • Lithuanian
  • Luxembourgish
  • Macedonian
  • Malagasy
  • Malay
  • Malayalam
  • Maltese
  • Maori
  • Marathi
  • Mongolian
  • Myanmar (Burmese)
  • Nepali
  • Norwegian
  • Pashto
  • Persian
  • Polish
  • Portuguese
  • Romanian
  • Russian
  • Samoan
  • Scots Gaelic
  • Serbian
  • Sesotho
  • Shona
  • Sindhi
  • Sinhala
  • Slovak
  • Slovenian
  • Somali
  • Spanish
  • Sudanese
  • Swahili
  • Swedish
  • Tajik
  • Telugu
  • Thai
  • Turkish
  • Ukrainian
  • Urdu
  • Uzbek
  • Vietnamese
  • Welsh
  • Xhosa
  • Yiddish
  • Yoruba
  • Zulu
Meny
InterCity-utbygginga på Vestfoldbanen i rute

Emner
Bane, Infrastruktur, Intercity, Jernbane

Publisert
20.May.2019

InterCity-utbygginga på Vestfoldbanen i rute

Regjeringa legg no fram forslag for Stortinget om kostnadsrammer for InterCity-prosjekta Drammen–Kobbervikdalen og Nykirke–Barkåker på Vestfoldbanen. Når Stortinget har fastsett kostnadsrammene, kan dei store byggjearbeida starte opp. Dei to InterCity-prosjekta skal etter planen stå ferdige på midten av 2020-talet.

– Utbygginga av Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker gjer oss eit samanhengande dobbeltspor mellom Oslo og Tønsberg. Dette vil gi eit vesentleg betre InterCity-tilbod på Vestfoldbanen, med reduserte reisetider og auka kapasitet. Togpassasjerane kan sjå fram til ein betre reisekvardag, med eit topp moderne jernbaneanlegg om fem-seks år, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Utbygginga av delstrekningane Nykirke-Barkåker og Drammen-Kobbervikdalen skal etter planen stå ferdige i høvesvis 2024 og 2025. Då blir reisetida mellom Oslo og Tønsberg redusert til under ein time for tog som stoppar på alle stsjonar, medan toga på ekspressavgangar kan bruke enda kortare tid. Ferdigstilling av desse prosjekta gir òg eit betre tilbod for reisande som bur eller arbeider mellom Tønsberg og Skien, og som tar toget til og frå hovudstadsområdet.            

Drammen-Kobbervikdalen – høgare kostnadsramme enn i NTP

Regjeringa foreslår ei kostnadsramme på drygt 14,6 milliardar kroner for prosjektet Drammen-Kobbervikdalen. Dette er om lag 1,85 milliardar kroner høgare enn kostnadsanslaget i Nasjonal transportplan 2018-2029. Det er fleire grunnar til kostnadsauken, mellom anna krevjande grunntilhøve og auka kompleksitet i anleggsteknisk gjennomføring for kulvert/lausmassetunnel. 

Det er i utgangspunktet lagt opp til å byggje ut strekninga med eit mellombels signalanlegg. Bane NOR ser på moglegheita for å byggje ut strekninga med signalsystemet ERTMS med ein gong. Dette gjer at prosjektet Drammen-Kobbervikdalen kan bli rimelegare enn det som no vert foreslått som kostnadsramme. ERTMS er eit felleseuropeisk signalsystem som fram til midten av 2030-talet gradvis skal erstatte dagens signalsystem på heile det norske jernbanenettet.

Nykirke-Barkåker – lågare kostnadsramme enn i NTP

Regjeringa foreslår ei kostnadsramme på nær 7,6 milliardar kroner for prosjektet Nykirke-Barkåker. Dette er om lag 1 milliard kroner lågare enn kostnadsanslaget i Nasjonal transportplan 2018-2029. Grunnen er at Bane NOR i planlegginga av prosjektet etter framlegginga av NTP i 2017 har identifisert tiltak som reduserer byggjekostnadene.

Les Også

Fornybar infrastruktur – en bærekraftig løsning for fremtiden

Kontinuerlig drift produserer avfallsstoffer som øker trykket på miljøet. For å snu denne trenden er det viktig med en livssyklustilnærming til infrastrukturen vår.

Les Også

Mer jernbane for pengene i Drammen

Det store Bane NOR-prosjektet Nytt dobbeltspor Drammen-Kobbervikdalen har nedjustert prognosen for hvor mye utbyggingen vil koste. – Vi må få så mye effekt som mulig ut av hver eneste jernbanekrone, sier prosjektsjef Hanne Stormo.

På Forsiden Nå

Norge i front på tunneler

De siste 10 årene har norsk tunnelpraksis gjennomgått en stor utvikling: Økt mekanisering og høy drivehastighet er fellesnevnerne. Men sikkerhet vil bare bli viktigere fremover.

På Forsiden Nå

Fornybar infrastruktur – en bærekraftig løsning for fremtiden

Kontinuerlig drift produserer avfallsstoffer som øker trykket på miljøet. For å snu denne trenden er det viktig med en livssyklustilnærming til infrastrukturen vår.

På Forsiden Nå

Entreprenørar skal tidlegare inn i Statens vegvesen sine prosjekt

– Regjeringa jobbar for å få meir veg igjen for pengane. Ein av suksessane har vore forretningsmodellen til selskapet Nye Veier. No ønsker vi å gi Statens vegvesen den same moglegheita til å involvere entreprenørar tidleg i prosessen. Statens vegvesen får no i oppdrag å foreslå prosjekt som kan være aktuelle for tidliginvolvering, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

På Forsiden Nå

Mer jernbane for pengene i Drammen

Det store Bane NOR-prosjektet Nytt dobbeltspor Drammen-Kobbervikdalen har nedjustert prognosen for hvor mye utbyggingen vil koste. – Vi må få så mye effekt som mulig ut av hver eneste jernbanekrone, sier prosjektsjef Hanne Stormo.

På Forsiden Nå

Vy Tog skal gi dei reisanda eit betre tilbod på Bergensbanen og Vossabanen – og vil betale staten for å få få køyre tog

– Å bryte opp monopol gir resultat. Etter tre år med jernbanereform har monopolisten Vy utvikla seg til å bli eit selskap som toler internasjonal konkurranse. Det er det all grunn til å applaudere.