Fjelllhall i Lærdalstunnelen. Foto: Silje Drevdal/Statens vegvesen
Publisert: 14.10.2025 

Lyser ut verdas lengste tunneloppgradering

Statens vegvesen lyser no ut arbeidet med å oppgradere verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen på 24,5 km. Første frist for interesserte entreprenørar er 17. november.

– Utlysinga betyr at me no er komne i gang med prosjektet, og målet vårt er å starte arbeid i tunnelen i september 2026. No må interesserte entreprenørar melde sin interesse for å vere med i konkurransen innan 17. november, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.

Trafikantane som nyttar E16 må dermed førebu seg på lange nattstengingar frå neste haust. Det blir stengt frå klokka 18.00 til klokka 06.00 dei første to åra, medan sprengingsarbeidet pågår.

For lokale bebuarar i Aurland og Lærdal blir det eit busstilbod med to avgangar på kveldstid frå begge sider av tunnelen før midnatt. Elles skal det vere mogleg å få fram utrykkingskøyretøy gjennom tunnelen på kort varsel når det står om liv og helse.

Kan snevre inn på dagtid

På dagtid kan entreprenøren utføre arbeid som ikkje krev stenging. Då vil tunnelen vere open for trafikk, men kan bli snevra inn til eitt køyrefelt på korte strekningar med lysregulering.

– Når sprengingsarbeidet er ferdig etter cirka 2 år, vil talet timar med nattestengt kunne reduserast gradvis, seier Svardal.

Heile oppgraderinga skal vere ferdig utført hausten 2029.

Sidan Lærdalstunnelen er ein sopass viktig transportveg aust-vest, med tilførsel til riksveg 52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell, er det bestemt at når Hardangervidda er stengd under uvêr vinterstid, skal Lærdalstunnelen haldast open.

Konkurranse med forhandlingar

Arbeidet som no vert lyst ut er ein utførelsesentrepreise, gjennomført som konkurranse med forhandlingar. Det vil seie at Vegvesenet går fleire rundar med dei interesserte entreprenørane for å optimalisere tilboda, før endelege tilbod blir leverte inn våren 2026.

Omfang på arbeidet

Cirka 100 000 kubikkmeter stein skal sprengjast ut i tunnelen, for å bygge nye havarilommer, snunisjar og nye tekniske bygg. 28 nye tekniske bygg skal på plass, to av desse ute i dagen. I tillegg skal det sprengjast ein ny ventilasjonstunnel ved sida av den gamle ut mot Tynjadalen, og nye sjaktventilatorar skal installerast.

Alt av teknisk utstyr skal skiftast ut og oppgraderast til å oppfylle dagens standard, og tunnelen får mellom anna 145 nye naudtelefoner installert. Eksisterande elktroteknisk anlegg skal vere i drift i heile anleggsperioden, og når det nye anlegget er testa og godkjent, skal det gamle koplast frå.

Det skal også gjerast mindre utbetringstiltak på dreneringsanlegget i tunnelen, og det skal byggjast nytt sedimenteringsanlegg for vaskevatn på begge sider av tunnelen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur