Publisert: 15.04.2018 

Norgeshistorias største godsundersøking – på 48 timar

Onsdag og torsdag denne veka skal all godstransport på heile Vestlandet registrerast i det som truleg blir norgeshistorias største godsundersøking....

Onsdag og torsdag denne veka skal all godstransport på heile Vestlandet registrerast i det som truleg blir norgeshistorias største godsundersøking. Målet er å kartlegge alt gods som blir frakta inn og ut av Vestlandet.

Dette er veldig spanande, seier prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.

Han har ansvaret for prosjektet der 230 personar skal stoppe og intervjue sjåførane på alle tunge køyretøy. Det blir gjort ved 21 punkt langs Vestlandet i dei to døgera undersøkinga varer.

Vi stoppar tungtrafikken og intervjuar sjåførane. Dette gjer vi på alle fjellovergangane mellom aust og vest, på alle ferjene langs E39, på Fjordline og ein del andre ferjer, og på Statens vegvesen sine kontrollstasjonar.

I tillegg blir det henta inn statistikk og gjort intervju på dei store godsterminalane og i hamnene lang kysten frå Rogaland til Møre og Romsdal. Målet er at så godt som all godstransport i dei fire Vestlandsfylka skal kartleggast.

Poenget er å få ein oversikt

Godsundersøkinga skal gi meir kunnskap i arbeidet med å nå måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport. I tillegg er det eit mål å få meir gods over frå veg til sjø- og banetransport.

Poenget er å få ein oversikt over kvar transporten kjem frå, kvar den skal, og kva gods som blir frakta, og kor mykje det er, seier Børtveit.

Vegvesenet gjorde ei liknande undersøking, men i mindre omfang, i 2012.

Når rapportane frå årets undersøking er ferdig kan vi samanlikne og sjå om det har vore endringar i godstransporten dei siste åra.

Børtveit håpar å sjå utviklingstrekk og kanskje identifisera rammevilkår, tiltak og endringar som har bidrege til endringar i godsstraumar.

Etterpå kan vi komme med forslag til tiltak og kva vi meiner overføringspotensialet frå veg til sjø og bane er, seier prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.

Statens vegvesen er oppdragsgjevar for undersøkinga saman med fylkeskommunane i Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, medan Asplan Viak og IRIS har fått oppdraget med å lage ein hovudrapport samt delrapportar til dei enkelte fylka i etterkant.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur