Kartet viser området som kan bli utsett for skred frå Skarfjellet (markert i raudt). Det svarte skraverte området er losneområdet. Kommunen og NVE rådar folk til å ikkje ferdast innanfor det raude området inntil vidare. Illustrasjon: NVE
Publisert: 29.07.2025 

NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet

NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet.

NVE har overvaka Skarfjellet med radar sidan 14. juli, etter at Sunndal kommune melde at det har vore mange steinsprang frå fjellsida på våren og sommaren. Radaren måler overflaterørsler i fjellsida, og kan gi verdifull kunnskap om dette fjellpartiet og om fjellskred generelt.

Sidan målingane starta har det vore registrert i overkant av 2,5 m bevegelse.

– Hastigheita har vore jamn gjennom heile måleperioda og er opptil 15 mm/time i enkelte punkt, men er generelt under 10 mm/time. Vi råder derfor til å ikkje ferdast i området, seier Gustav Pless, geolog i fjellskredovervakinga.

Det er øvre del av det ustabile fjellpartiet som bevegar seg raskast, og hastigheita blir gradvis lågare lenger ned i fjellsida.

Nedbør har ikkje ført til betydeleg rørsler

Sjølv om det har vore kort periodar med intenst regnvêr i måleperioda har ikkje hastigheita endra seg vesentleg. Torsdag kveld kom det mellom anna 28,9 mm nedbør på Innerdalen målestasjon på litt over ein time.

Det har gått fleire steinsprang frå fjellsida den siste tida, noko som er ei naturleg følgje av rørslene.

NVE hald fram med å overvake fjellpartiet

Området som er i rørsle strekk seg frå cirka 800 moh. til 1150 moh., og har eit areal på om lag 120 000 kvadratmeter. Volumet er rekna å vere mellom 2 og 4 millionar kubikkmeter, og er avgrensa av ei sprekk i bakkant. Usikkerheita i volumet er mellom anna knytt til kor djupt bevegelsen går.

– NVE vil halde fram med å samle inn data frå fjellpartiet i tida framover, og vil informere vidare om vesentlege endringar i hastigheita til fjellpartiet, seier Pless.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur