Blaksettunnelen og Flotunnelen

Email
Kopier link
Del med

Prosjektbeskrivelse

Det er bygd ny tunnel mellom Blakset og Robjørgane i Stryn kommune. Den nye tunnelen erstatta to gamle tunnelar som var svært smale og dårlege, og som ikkje innfridde dagens krav til tunnelstandard. Arbeidet starta i mai 2019, og tysdag 30. november 2021 vart den nye Blaksettunnelen opna for trafikk. I tillegg til tunnelbygginga har det som ein del av prosjektet også blitt utbetra omlag to kilometer veg mellom tunnelen og krysset til rv. 15. Totalprognosa er på 268 mill.kr. Hovedentreprenør var Hæhre Entreprenør AS.

Fylkesveg 5722 Veslebygda-Flo i Stryn kommune er eit skredsikringsprosjekt, og inneheld ein nesten fire kilometer lang tunnel slik at trafikantane slepp å køyre den rasfarlege vegen i Flostranda. Det er også bygd ei ny bru over Fureelva i Veslebygda. Anleggsarbeidet starta i mai 2019, og tunnelen vart opna for trafikk i april 2022. Totalprognosa er på 600 mill.kr. Hovudentreprenør var Hæhre Entreprenør AS.

Byggherre
Vestland Fylkeskommune
Hovedentreprenør
Hæhre Entreprenør
Rådgivende Ingeniør
Multiconsult
Kategori
Kostnadsramme
868 MNOK
Startdato
2019
Sluttdato
2022

Prosjekter fra Vestland Fylkeskommune