Ljotelitunnelen er eit skredsikringsprosjekt på fv. 53 i Årdal (strekninga Tyin – Årdal), og tunnelen skal avløyse ca. ein kilometer med veg som er skredutsatt. Det er spesielt to bekkedalar som er utsatt for snøskred om vinteren.
Tunnelen blir 1100m lang. I tilknytning til tunnelen blir om lag 700m av eksisterande veg i dagen rusta opp. Deler av overskotsmassen frå tunnelen blir brukt til å bygge om lag 700 m med ny veg på Holsbru som avløyser den gamle Holsbrutunnelen. Arbeidet starta våren 2019 og er venta opna no før jul. Arbeidet har blitt utført gjennom to kontraktar (for- og hovudentreprise) der Flage Maskin AS har vore hovudentreprenør i begge. Det er lagt ned ca. 122000 arbeidstimar utan fråverskade.