Fredag 21. april opnar rv. 41 ved Mjågeto, om lag seks kilometer sør for Kyrkjebygda. Foto: Jon Krogstad Bøe/Statens vegvesen
Publisert: 19.04.2023 

Rv. 41 ved Mjågeto opnar 21. april

Rv. 41 mellom Nes og Kyrkjebygda opnar fredag 21. april kl. 15.00. Då vil vegen vera oppe morgon, ettermiddag og i helgane.

Det har vorte gjort ein god jobb med sikring av fjellskjeringane og fjerning av lausmassar. Fram mot fredag vil me sprøyte betong på fleire av områda og montera fleire fjellsikringsboltar.

– Me er glade for at me no kan opna rv. 41 ved Mjågeto på morgonen, ettermiddag og i helgane. Det har vore eit krevjande sikringsarbeid som har vorte utførte den siste tida. Når vegen no opnar, blir det med lysregulering forbi Mjågeto, om lag seks kilometer sør for Kyrkjebygda, forklarer byggeleiar i Statens vegvesen, Jon Krogstad Bøe.

Etter fredag 21. april vil vegen vera open kl. 06.30–08.30 og 14.30–17.00 i vekedagane. I helgane vil vegen vera open frå fredag kl. 14.30 til måndag kl. 08.30. Unntaket er fredag 21. april der vegen opnar kl. 15.00.

– Slik blir det nokon veker framover. Me planlegg å opna rv. 41 heile døgnet frå 9. mai, seier Bøe.

Utbetringa mellom Kyrkjebygda og Nes er ein del av arbeidet med å forbetra rv. 41 mellom Treungen og Vrådal.

Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bustrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur