Foto: Erik Burås for Samferdsel & Infrastruktur
Publisert: 01.12.2023 

Samferdselsdepartementet har signert vegutbyggingsavtale

– Riksveg 13 Skare–Sogndal er prega av fleire samansette utfordringar, mellom anna høg fare for skred, stadvis smal veg og høg risiko for ulykker. Derfor inngår vi no ein avtale med Nye Veier for å redusere rasfare og få betre vegstandard, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Nye Veier har vurdert at delstrekninga Djupevik–Kviturtunnelen er den mest rasutsette delen av vegstrekninga mellom Skare–Sogndal. I dag er vegen smal, og det er ikkje tilbod for mjuke trafikantar.

Prosjektet vil omfatte 1,3 kilometer veg. Det skal gjerast gjennomgåande utbetringar av strekninga, i tillegg til skredsikringstiltak. Det er forventa at utbyggingskostnaden vil vere om lag 408 millionar 2023-kroner.

– Målet med dette vegprosjektet er å auke framkomme og samfunns-tryggleiken for denne hovudåra for Odda-regionen. No skal vi få etablert eit robust, miljøvennleg og trafikksikkert transportsystem i regionen. Utbetringane vil òg gi auka oppetid for vegen ved å førebygge mellom anna rasfare, seier samferdselsministeren.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur