Statens vegvesen lyser ut éin ny, stor vegkontrakt for riksvegane i Sunnfjord, og delar av Sogn og Nordfjord. Dette gjeld delar av E39, Rv 5 og rv 13. Biletet er frå riksveg 5, ved Kjøsnesfjorden. Foto: Statens vegvesen
Emner
Publisert
12.04.2021

Tre vil drifta riksvegane i Sunnfjord og omegn på ein miljøvennleg måte

Tre entreprenørar er med i konkurransen om å drifta riksvegane i Sunnfjord og delar av Sogn og Nordfjord. Mesta leverte det lavaste tilbodet.

Ved fristens utløp hadde fylgjande meldt si interesse for å drifta vegstrekningane på E39, riksveg 5 og riksveg 13 (alle tilboda er eksklusiv mva):

Tilbydar Tilbodssum ekskl. mva
Mesta 248.759.763,50 kr
Presis Vegdrift 288.135.239,58 kr
Veidekke Industri 374.901.918,00 kr

– Vi er nøgde med deltakinga i konkurransen. Det er store og seriøse aktørar som er interesserte i dette oppdraget. No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna på tilboda, og så tar vi sikte på at vi kan underteikna kontrakt med den nye entreprenøren snarast mogleg, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Åtte år

Kontraktsperioden startar 1. september. Kontrakten gjeld i fem år, fram til hausten 2026. Viss partane er einige, er det mogleg å forlengja kontrakten med opptil tre år.

Kontrakten omfatter totalt 338 kilometer riksveg og 65 kilometer gang- og sykkelveg i kommunane Sogndal, Høyanger, Sunnfjord, Gloppen og Kinn.

Samansett område

Dette er eit variert område med stor variasjon i trafikktala. Kontrakten går gjennom byområde som Førde og Sogndal, og over snøtunge vegstykke og fleire store stigningar.

Generelt går vegnettet langs veg med bratt sideterreng med fjord eller elv på motsett side. Fleire punkt på vegnettet er utsette for at is og stein kan falla ned.

Fleire område er skredutsette. Vegvesenet set strenge krav til vinterdriftsklasse, responstid og beredskap.

Alle vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut i år inneheld krav til miljøsertifisering og rapportering av CO2-utslepp. Slik kan vi registrera kva tiltak vi gjer, og saman med entreprenør evaluera og dokumentera kva som har effekt.

Miljøkrav

I denne kontrakten krev Statens vegvesen lavutslepps-køyretøy for delar av bilparken.Målet er at utslepp frå Vegvesenet sine verksemder skal halverast innan 2030.

– Vidare har vi i denne kontrakten stramma inn på krava til oppsamling av vaskevatn før og etter tunnelreinhald. I vinterdrifta ynskjer vi å redusera saltmengda gjennom å bruka rett utstyr til rett tid, og ved auka bruk av vêrdata. Dette skal bidra til at vi brukar minst mogleg salt for å få best mogleg effekt, seier Karlsen.

Kontraktsområdet har i alt 27 tunnelar med ei total lengd på 49 kilometer. På strekningane vil det i kontraktsperioden føregå fleire utbyggingsprosjekt.

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur