Det blir mildver og vind frå tysdag ettermiddag. Frå natt til onsdag til fredag morgon er det lokalt venta opp mot 60-100 mm nedbør, mest som regn. Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til snøsmelting.
Veromslaget aukar faren for snø- og sørpeskred, is- og steinsprang og overvatn i vegbanen. Det kan og koma regn som kan frysa på bakken, særleg i indre strok av Rogaland.
– Vi oppmodar alle trafikantar om å halde seg oppdatert om situasjonen på vegane før ein legg ut på tur, seier Svenn Egil Finden. Han er avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.
Oppdatert informasjon om situasjonen på vegane finn ein på www.175.no og i appen Vegvesen Trafikk.
SE BLADARKIV
