Prosjektgruppa for E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle fra Bane NOR og Statens vegvesen er klare for å sette spaden i jorda i 2024. Foto: Statens vegvesen.
Emner
Publisert
22.03.2021

Er klare til å bygge E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle

Tilsette i Vegvesenet og Bane NOR gjer seg no klare til byggestart av E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle i 2024. Strekninga ligg inne i regjeringa sitt forslag til ny Nasjonal Transportplan (NTP).

– Etter fem års planlegging er dette ein gledens dag. Det har vore knytt mykje spenning til når dette prosjektet kjem, og om det skulle realiserast som ein heilskap eller i delar. Slik det ser ut blir no heile prosjektet realisert. Vi ser også fram til å halda fram med det gode samarbeidet med Bane NOR, seier Kjartan Hove, prosjektdirektør Vest i Statens vegvesen.

Tilsette i Vegvesenet som har arbeidd med planlegginga over fleire år var spente på kva regjeringa ville foreslå av nye vegprosjekt i NTP. Stemninga var derfor god då NTP ble lagt fram fredag førre veke.

Modent prosjekt - klart for høyring

– Dette prosjektet er modent og klart frå vår side, og det er knytt høge forventingar til å starte bygginga av ein hovudveg og jernbane ut frå Bergen der folk kan kjenne seg trygge når dei ferdast. No ventar vi på at Kommunal- og Moderniseringsdepartementet gir klarsignal til å legge reguleringsplanen ut på høyring. Vi skal vere klare for å sette spaden i jorda i 2024, seier Gunnar Søderholm, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Når Stortinget følgjer opp NTP med pengar over statsbudsjettet kan Vegvesenet starta anleggsarbeidet allereie i 2024. Strekninga har ein byggetid på 8-10 år. Vegvesenet har kutta kostnader på vegprosjekta i sitt NTP forslag med 134 milliardar kroner. Det var viktig for å få på plass fleire vegprosjekt i transportplanen.

Dette skal bygges:

Ein ny E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle skal gi auka trafikktryggleik, føreseieleg transport, auka kapasitet for gods på bane, og redusert reisetid.

  • Prosjektet medfører bygging av til samen ca. 36.300 meter vegtunnel og ca. 26.100 meter jernbanetunnel, fordelt på tre tunnelstrekk med tunnellengder mellom 8 og 10 km.
  • I tillegg vil det bli bygd over 6.000 m rampetunnelar, ca. 3.100 m adkomsttunnelar, ca. 3.350 m forbindelsestunnelar mellom veg og bane som sikkerheit ved brann eller andre ulykker, samt nesten 3.000 m separate rømmingstunnelar
  • Ca. 7,5 mill. fm3 (fast masse) skal sprengast ut, som tilsvarar ca. 11,3 mill. am3 (anbragt masse i fylling)
  • Det skal byggast toplanskryss i Arna, på Trengereid og Vaksdal. På Trengereid og Vaksdal er det kryssløysingar i fjell
  • To store jernbanebruer på Stanghelle (220 m) og på Vaksdal (250 m, her kan det bli valt eit anna alternativ)) samt motorvegbru på Arna (127 m)
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur